mandag 15. mars 2010

Sluttkommentar

Arbeidet med dette arbeidskravet har stort sett vore upløygd mark for meg. Vel vitande om at bloggskriving er nemnt som døme på aktivitetar ein bør innom i norskfaget i læreplanen, har det vore ei lette å erfare at det slett ikkje er noko hokus pokus. Gjennom arbeidet har eg også oppdaga ei ny verd beståande av eit utal bloggar om både det eine og det andre. Spennande.

Vidare har eg også blitt gjort merksam på ulike problemstillingar knytt til sosiale medium. Her er det mykje farleg, og det blir ein vanskeleg balansegang å knytte dette opp mot undervisninga på ein tenleg måte.

I bloggen min har eg prøvd å orientere meg litt i jungelen av digitale og sosiale medium som kan knyttast opp mot min undervisningssituasjon. Dette har eg stort sett funne fram til ved å besøke bloggar som handlar om temaet. I tillegg til dette har eg prøvd å halde eit ekstra auge med dei andre på gruppa mi sine bloggar. I den grad eg har skrive kommentarar, er dei til desse. Nokre av dei finn du her:

Kommentar til Jill
Kommentar til Torun
Kommentar til Gørild


Arbeidet med dette har vore lærerikt og nyttig. Eg føler meg no betre i stand til å ta dette i bruk i undervisningssamanheng.

Arbeidet med netvibes starta tungt for meg, då fylkeskommunene av ein aller annan grunn hadde endra på e-postadressen min, slik at eg ikkje fekk aktivert netvibes-konto på samlinga. Heldigvis var det ikkje så vanskeleg å finne ut av då eg endeleg fekk konto. Det var litt tidkrevjande å leite fram til nyttige sider, og med ca. 190.000 småprogram å velje mellom, kan eg ikkje gå god for at eg ikkje har oversett noko;-) Resultatet finn du imidlertid her.

onsdag 10. mars 2010

Norskboka.no


Sidan sist har eg brukt ein del tid på å orientere meg i andre bloggar som er knytt opp mot norskfaget og/eller digital læring. På Leif Harboe sin blogg fatta eg interesse for norskboka.no. Dette er ikkje ei nettside som namnet skulle tilseie, men ei lærebok i godt, gammalt papirformat. Eg har enno ikkje fått bla i sjølve boka, men har googla litt på tittelen, og innbiller meg at her må det vere mykje nyttig. Ein presentasjon av boka kan du finne her.
Googlinga har m.a. ført meg til nokre program/tenester som kanskje kan vere verdt å sjå nærmare på med tanke på å bruke i undervisning.
Mindomo.com
Eitt av desse mindomo.com, som bla. kan nyttast til å lage tankekart. Dersom du vil finne ut korleis dette verkar, kan du følgje denne linken.
Vil du lære meir om å lage tankekart, finn du nyttig info her.
Docverse.com
Eit anna program er docverse.com. Dette er eit Microsft-program. Med dette kan ein
(sam)arbeide på same MSWord-, MSPowerPoint- og MSExcel -dokument frå ulike maskiner. (Siste nytt om Docverse er at det er oppkjøpt av Google).
Dette er berre to nyoppdagingar som eg har gjort utan ein gong å ha tatt i boka. Eg gledar med til få sjå meir i den.

mandag 8. mars 2010

Tips til retting

I dette innlegget vil eg skrive litt om retting av skriftlege innleveringar. Dette er kanskje i grenseland for kva ein kan kalle sosiale medium, men eg vel å ta det med her likevel.

Personleg har eg ikkje funne nokon god og enkel metode å rette på med den nye teknologien. Det eg først og fremst har sakna, er eit "kodesystem" som er eintydig og dekkande for ulike feiltypar. Eg har prøvd å rette i Word med "spor endringar", berre for å oppleve at elevane har andre innstillingar på maskinene sine enn eg, noko som gjer det heile nokså meiningslaust. I tillegg er det mange som bruker OpenOffice. Resultatet har blitt at eg tar utskrift av tekstane og rettar "på gamlemåten". Deretter skannar eg det retta produktet inn til e-posten min (som PDF-fil) og lastar det opp i fronter til elevane. Dette er tungvint.

Via dette blogginnlegget er eg blitt gjort merksam på ei teneste som heiter Markin. Denne ser ut til å ha tenlege løysongar på ein del av problema eg har nemnt over. Det er ei ulempe at den krev ein lisens som kostar £25. Dersom du er interessert i å finne ut meir om korleis dette programmet fungerer, er det lagt ut nokre demo-videoar her. Du kan også laste ned ein prøveversjon. Den gjer deg høve til å prøve ut programmet på korte tekstar.

Dersom nokon har erfaringar med dette programmet, eller har lyst til å sjå litt nærare på det, er eg interessert i å høyre kva de meiner.

Eg vil avslutte dette innlegget med å vise til ein såkalla rubrikkgenerator, eller ei vurderingsmatrise om ein vil, på denne sida, som eg også funne fram til via same bloggen som leia meg fram til Markin. Døme på ein rubrikkgenerator som kan brukast i samband med å skrive forteljingar, finn du her. Dersom du er interessert i dette, vil du ved å studere sida finne ut at har er mange ulike innfallsvinklar og mange fag som er dekka. Vil du lese meir om dette, kan du følgje denne lenkja.

Dersom nokon har synspunkt på dette eller erfaringar med programmet, høyrer eg gjerne frå dykk.

Introduksjon + GO!Animate

Som nemnt i forrige innlegg skal eg no presentere eit verktøy/program som eg trur kan vere verdt å prøve i undervisningssamanheng. Men først vil eg presentere nokre personlege betraktningar kring "den nye kvardagen" i klasserommet. Først av alt vil eg vise ein videosnutt eg fann på Youtube - den viser på mange måtar mange av dagens utfordringar i eit nøtteskal:







Det skulle kunne vere litt av kvart her som kan sette tankane i sving. Sjølv ha eg etter beste evne prøvd å vere positiv til innføring av og bruk av ny den nye teknologien i skulesamanheng. Mottoet har vore at dette har komme for å bli, og vi lærarar har eigentleg ikkje noko val - vi må prøve å gjere det beste ut av situasjonen.

Ei av dei viktigaste erfaringane eg har gjort meg, er at du har mykje å tape som lærar dersom du ikkje er nokolunde oppdatert på ny teknologi. Det er ofte heller ikkje tilstrekkeleg å ha oversikt over dei mest vanlege tenestene. Desse er ofte trauste og kjedelege. Det er alltid ein eller fleire elevar i ein klasse som har kjennskap til meir spennande og fancy program. Som døme på dette kan nemnast Windows Movie Maker. Vil du at elevane skal lage ei oppgåve i dette programmet, kan du vere sikker på at det er ein eller annan som Pinnacle, Sony Vega eller Adobe Premium installert og er i gang med å bruke dette. Når det av en grunn kanskje oppstår konfigureringsproblem e.l., ender det ofte med at ein ikkje får fullført pga av tidstrøbbel eller at ein rett og slett ikkje finn ut av det.

Derfor er det ei stor utfording for oss lærarar å gjere oss kjende med program og tenester som virkar motiverande for elevane samtidig som kan settast inn i ein pedagogisk samanheng. Eit slikt program kan vere Go!Animate



For nokre år sidan var eg på eit kurs på Sunnfjord Hotell. Ein av kurshaldarane var Arne Olav Nygard, stipendiat i lesevitskap ved universitetet i Stavanger. Der presenterte han eit program/ei teneste som heitte "jumpcut". Denne tenesta er dessverre lagt ned. På leiting etter denne kom eg over http://www.goanimate.com/. Eg vart tipsa om denne sida via denne bloggen. Som de vil sjå, er det også her Arne Olav Nygard som står bak. Han har forøvrig også sin eigen blogg, som de finn her.

Det vil bli for mykje å gje ein fyldig presentasjon av og innføring i bruk av Go!Animate her. Her er imidlertid ein demo:


Tenesta er i stor grad sjølvinstuerande (men dessverre berre på engelsk), og ein finn instruksjonsvideoar på Youtube. Døme på ein slik finn de her:

Tenesta krev registrering, og skal du ha dei aller gjevaste effektane må du opparbeide deg bonuspoeng. Desse får du ved å dele produkta dine med andre, t.d knytte dei opp mot Facebook. Men her er mykje som er gratis, og tenesta er knytt opp mot både Youtube og Flickr i tillegg til Facebook m.m.

Så langt er dette berre eit tips, og eg vil råde dykk til å ta ein titt på dei moglegheitene som er der. Personleg meiner eg det finst mange bruksområde innanfor norskfaget (og sjølvsagt også andre fag). Ein kan dramatisere tekstar, lage musikkvideo, lage presentasjonar, instruksjonar m.m. Ikkje minst er det også høve til differensiering.

Eg håpar nokon tar sseg tid til å sjå litt på denne tenesta, og tar meir enn gjerne imot tilbakemeldingar på om de trur den kan brukast, og eventuelt til kva.

onsdag 10. februar 2010

Digitale læremiddel

Dette er ein blogg som eg lagar i samband med eit IKT-studium ved høgskulen i Sogn og Fjordane. Den handlar om bruk av sosiale og digitale medium i undervisningssamanheng.
Det finst eit utal ressursar på nett, og målet er å finne fram til linkar som kan vere nyttige.


Ein nyttig link finn du her

Dette kan vere eit nyttig hjelpemiddel til










Her får du ein presentasjon av dei ulike forlaga sine lærmiddel:










Så langt er dette berre for å teste ut ulike verktøy.På denne sida vil du derfor ikkje finn noko nyttig eller meiningsfullt. Men frå og med neste innlegg håpar eg du vil finne noko av interesse

I neste innlegg har eg tenkt å ta for meg ein spennande liten sak som heiter Goanimated.
Her er ein liten forsmak



FØLG MED..........FØLG MED........