mandag 15. mars 2010

Sluttkommentar

Arbeidet med dette arbeidskravet har stort sett vore upløygd mark for meg. Vel vitande om at bloggskriving er nemnt som døme på aktivitetar ein bør innom i norskfaget i læreplanen, har det vore ei lette å erfare at det slett ikkje er noko hokus pokus. Gjennom arbeidet har eg også oppdaga ei ny verd beståande av eit utal bloggar om både det eine og det andre. Spennande.

Vidare har eg også blitt gjort merksam på ulike problemstillingar knytt til sosiale medium. Her er det mykje farleg, og det blir ein vanskeleg balansegang å knytte dette opp mot undervisninga på ein tenleg måte.

I bloggen min har eg prøvd å orientere meg litt i jungelen av digitale og sosiale medium som kan knyttast opp mot min undervisningssituasjon. Dette har eg stort sett funne fram til ved å besøke bloggar som handlar om temaet. I tillegg til dette har eg prøvd å halde eit ekstra auge med dei andre på gruppa mi sine bloggar. I den grad eg har skrive kommentarar, er dei til desse. Nokre av dei finn du her:

Kommentar til Jill
Kommentar til Torun
Kommentar til Gørild


Arbeidet med dette har vore lærerikt og nyttig. Eg føler meg no betre i stand til å ta dette i bruk i undervisningssamanheng.

Arbeidet med netvibes starta tungt for meg, då fylkeskommunene av ein aller annan grunn hadde endra på e-postadressen min, slik at eg ikkje fekk aktivert netvibes-konto på samlinga. Heldigvis var det ikkje så vanskeleg å finne ut av då eg endeleg fekk konto. Det var litt tidkrevjande å leite fram til nyttige sider, og med ca. 190.000 småprogram å velje mellom, kan eg ikkje gå god for at eg ikkje har oversett noko;-) Resultatet finn du imidlertid her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar