onsdag 10. mars 2010

Norskboka.no


Sidan sist har eg brukt ein del tid på å orientere meg i andre bloggar som er knytt opp mot norskfaget og/eller digital læring. På Leif Harboe sin blogg fatta eg interesse for norskboka.no. Dette er ikkje ei nettside som namnet skulle tilseie, men ei lærebok i godt, gammalt papirformat. Eg har enno ikkje fått bla i sjølve boka, men har googla litt på tittelen, og innbiller meg at her må det vere mykje nyttig. Ein presentasjon av boka kan du finne her.
Googlinga har m.a. ført meg til nokre program/tenester som kanskje kan vere verdt å sjå nærmare på med tanke på å bruke i undervisning.
Mindomo.com
Eitt av desse mindomo.com, som bla. kan nyttast til å lage tankekart. Dersom du vil finne ut korleis dette verkar, kan du følgje denne linken.
Vil du lære meir om å lage tankekart, finn du nyttig info her.
Docverse.com
Eit anna program er docverse.com. Dette er eit Microsft-program. Med dette kan ein
(sam)arbeide på same MSWord-, MSPowerPoint- og MSExcel -dokument frå ulike maskiner. (Siste nytt om Docverse er at det er oppkjøpt av Google).
Dette er berre to nyoppdagingar som eg har gjort utan ein gong å ha tatt i boka. Eg gledar med til få sjå meir i den.

2 kommentarer:

  1. Dette såg veldig interessant ut, Stig! Fekk tips om denne boka på e-post og vil be bibliotekaren om å kjøpe den inn, viss ikkje det allereie er gjort. Det kan virke som om docverse er nyttig, spesielt i gruppearbeid. Har opplevd det fleire gonger at elevar slit med å sy saman ein Power point når fleire skriv ulike delar. Dette må vi finne meir ut av!

    SvarSlett