mandag 8. mars 2010

Tips til retting

I dette innlegget vil eg skrive litt om retting av skriftlege innleveringar. Dette er kanskje i grenseland for kva ein kan kalle sosiale medium, men eg vel å ta det med her likevel.

Personleg har eg ikkje funne nokon god og enkel metode å rette på med den nye teknologien. Det eg først og fremst har sakna, er eit "kodesystem" som er eintydig og dekkande for ulike feiltypar. Eg har prøvd å rette i Word med "spor endringar", berre for å oppleve at elevane har andre innstillingar på maskinene sine enn eg, noko som gjer det heile nokså meiningslaust. I tillegg er det mange som bruker OpenOffice. Resultatet har blitt at eg tar utskrift av tekstane og rettar "på gamlemåten". Deretter skannar eg det retta produktet inn til e-posten min (som PDF-fil) og lastar det opp i fronter til elevane. Dette er tungvint.

Via dette blogginnlegget er eg blitt gjort merksam på ei teneste som heiter Markin. Denne ser ut til å ha tenlege løysongar på ein del av problema eg har nemnt over. Det er ei ulempe at den krev ein lisens som kostar £25. Dersom du er interessert i å finne ut meir om korleis dette programmet fungerer, er det lagt ut nokre demo-videoar her. Du kan også laste ned ein prøveversjon. Den gjer deg høve til å prøve ut programmet på korte tekstar.

Dersom nokon har erfaringar med dette programmet, eller har lyst til å sjå litt nærare på det, er eg interessert i å høyre kva de meiner.

Eg vil avslutte dette innlegget med å vise til ein såkalla rubrikkgenerator, eller ei vurderingsmatrise om ein vil, på denne sida, som eg også funne fram til via same bloggen som leia meg fram til Markin. Døme på ein rubrikkgenerator som kan brukast i samband med å skrive forteljingar, finn du her. Dersom du er interessert i dette, vil du ved å studere sida finne ut at har er mange ulike innfallsvinklar og mange fag som er dekka. Vil du lese meir om dette, kan du følgje denne lenkja.

Dersom nokon har synspunkt på dette eller erfaringar med programmet, høyrer eg gjerne frå dykk.

3 kommentarer:

  1. Eg har ikkje erfaring med Markin, men har lese om det og synes det verkar interessant. Har vurdert å spørje e-pedagogen for almennfag om ho kan undersøkje litt, men er usikker på kor vidt arbeidsoppgåvene hennar rekk. Litt vanskeleg å be andre gjere ein jobb ein sjølv ikkje rekk...

    Eg rettar digitalt i Fronter, men meiner rettingane og tilbakemeldingane ikkje vert så gode som "på gamlemåten". Spor endringar synes eg og vert rotete, så eg har valt ein enkel variant med raud skrift for kommentarar og rettingar og gul markering for feil.

    Slik eg har forstått Markin så kan ein leggje inn mange kodar etter feiltype og på den måten nyansere rettinga meir. Ser det og som positivt at programmet oppsummerar feila og lagrar dei til seinare rettingar.

    Eg er derimot usikker på om programmet vert for omfattande til vår bruk i 2timarsfaget norsk med berre ein skriftlegkarakter. Ser for meg at det vil ta tid for elevane å setje seg inn i kodesystemet, og dei har heller ikkje så mange tekstar som vil danne grunnlaget for den oppsummeringa av feiltypar som programmet gir.

    Eg er ikkje nøgd med rettinga mi slik den er no, verken ift tidsbruk eller kvalitet på tilbakemeldingane. Kanskje vi skal setje oss eit mål om å prøve Markin til neste skuleår? Eg er positiv til å prøve ut!

    Marita Aksnes skriv i eit blogginnlegg om både Markin og vurderingsmatriser
    Mange tips å hente her!

    SvarSlett
  2. Trur vi bør prøve å finne andre måtar å rette på enn "Spor endringar" via Fronter. Som du seier, Stig, så kjem det an på kva innstillingar elevane har på sine maskiner korleis våre rettingar ser ut. Dessutan opplever eg at elevane les mindre på kommentarane når vi rettar digitalt enn manuelt. Poenget med det arbeidet vi legg ned er vel at elevane skal lese og ta lærdom av kommentarane, så då må vi sørge for at dei les dei.

    Prøvde å gå inn på eine linken din til vurderingskriterium for forteljingar. Har du sjekka om denne linken er riktig? Eg kom inn på ei engelsk side som sa den ville "expire" viss eg ikkje trykte "submit". Vil tru at det er feil, eller?

    Var ikkje klar over at ein måtte betale for Markin. Har tidlegare kollega i Finnmark som brukar dette og er nøgde. Burde vi ta dette opp på seksjonen og sjekke ut om det er noko?

    På sist seksjonsmøte diskuterte vi ei vurderingsmatrise som ein kollega av oss har funne på nettet. Den såg bra ut, men kan verte tilpassa med nokre justeringar. Har tenkt å sjå om eg kan finne fleire slike, t.d. til analyser og drøftingsoppgåver.

    Det alt dette viser meg, er at det er ein stor jungel der ute med masse nyttige tips. Det gjeld berre å finne det vi treng!

    SvarSlett
  3. Linken stemmer nok den. Eg må vedgå at eg ikkje har fordjupa meg så mykje i kva krav sida eg har lenka til stiller til medlemskap. Eg vart kopla opp mot sida via nemnde blogg, og viss du scrollar lenger ned på sida, vil du sjå dei ulike vurderingsparametera ein kan bruke på noveller. Du har i alle fall 40 minutt på deg til å sjå på desse. skal sjå nærare på dete når/viss eg får tid. Du kan forøvrig besøke http://rubistar.4teachers.org/ viss du vil til hovudsida.

    Elles er det rett som du skriv - det finst mange ulike vurderingsmatriser på www; det er "berre" å finne fram til dei ein tykkjer fungerer best.

    SvarSlett