mandag 8. mars 2010

Introduksjon + GO!Animate

Som nemnt i forrige innlegg skal eg no presentere eit verktøy/program som eg trur kan vere verdt å prøve i undervisningssamanheng. Men først vil eg presentere nokre personlege betraktningar kring "den nye kvardagen" i klasserommet. Først av alt vil eg vise ein videosnutt eg fann på Youtube - den viser på mange måtar mange av dagens utfordringar i eit nøtteskal:







Det skulle kunne vere litt av kvart her som kan sette tankane i sving. Sjølv ha eg etter beste evne prøvd å vere positiv til innføring av og bruk av ny den nye teknologien i skulesamanheng. Mottoet har vore at dette har komme for å bli, og vi lærarar har eigentleg ikkje noko val - vi må prøve å gjere det beste ut av situasjonen.

Ei av dei viktigaste erfaringane eg har gjort meg, er at du har mykje å tape som lærar dersom du ikkje er nokolunde oppdatert på ny teknologi. Det er ofte heller ikkje tilstrekkeleg å ha oversikt over dei mest vanlege tenestene. Desse er ofte trauste og kjedelege. Det er alltid ein eller fleire elevar i ein klasse som har kjennskap til meir spennande og fancy program. Som døme på dette kan nemnast Windows Movie Maker. Vil du at elevane skal lage ei oppgåve i dette programmet, kan du vere sikker på at det er ein eller annan som Pinnacle, Sony Vega eller Adobe Premium installert og er i gang med å bruke dette. Når det av en grunn kanskje oppstår konfigureringsproblem e.l., ender det ofte med at ein ikkje får fullført pga av tidstrøbbel eller at ein rett og slett ikkje finn ut av det.

Derfor er det ei stor utfording for oss lærarar å gjere oss kjende med program og tenester som virkar motiverande for elevane samtidig som kan settast inn i ein pedagogisk samanheng. Eit slikt program kan vere Go!Animate



For nokre år sidan var eg på eit kurs på Sunnfjord Hotell. Ein av kurshaldarane var Arne Olav Nygard, stipendiat i lesevitskap ved universitetet i Stavanger. Der presenterte han eit program/ei teneste som heitte "jumpcut". Denne tenesta er dessverre lagt ned. På leiting etter denne kom eg over http://www.goanimate.com/. Eg vart tipsa om denne sida via denne bloggen. Som de vil sjå, er det også her Arne Olav Nygard som står bak. Han har forøvrig også sin eigen blogg, som de finn her.

Det vil bli for mykje å gje ein fyldig presentasjon av og innføring i bruk av Go!Animate her. Her er imidlertid ein demo:


Tenesta er i stor grad sjølvinstuerande (men dessverre berre på engelsk), og ein finn instruksjonsvideoar på Youtube. Døme på ein slik finn de her:

Tenesta krev registrering, og skal du ha dei aller gjevaste effektane må du opparbeide deg bonuspoeng. Desse får du ved å dele produkta dine med andre, t.d knytte dei opp mot Facebook. Men her er mykje som er gratis, og tenesta er knytt opp mot både Youtube og Flickr i tillegg til Facebook m.m.

Så langt er dette berre eit tips, og eg vil råde dykk til å ta ein titt på dei moglegheitene som er der. Personleg meiner eg det finst mange bruksområde innanfor norskfaget (og sjølvsagt også andre fag). Ein kan dramatisere tekstar, lage musikkvideo, lage presentasjonar, instruksjonar m.m. Ikkje minst er det også høve til differensiering.

Eg håpar nokon tar sseg tid til å sjå litt på denne tenesta, og tar meir enn gjerne imot tilbakemeldingar på om de trur den kan brukast, og eventuelt til kva.

2 kommentarer:

  1. GoAnimate har eg og lese om! Men ikkje prøvd sjøl... Har lese eit blogginnlegg av Marita Aksnes der ho skriv om erfaringar med programmet i ein VG1 klasse. 4 skuletimar hadde eine klassa hennar brukt. Leif Harboe har og skrive om programmet i sin blogg.

    Etter å ha lese blogginnlegga spurde eg elevane mine om dei hadde kjennskap til programmet, men det hadde dei ikkje. Kjekt om vi lærarar for ein gongs skuld kunne vore i forkant av elevane våre med digitale verktøy. Eg trur dei ville ha vore motiverte og hatt utbytte av å presentert td ei novelle ved hjelp av GoAnimate.

    SvarSlett
  2. "Go animate" er et program jeg og ble begeistret for. Har foreløpig ikke prøvd å lage noe i det, det blir det neste på listen min( etter innlevering av arbeidskrav)

    Det er fint å ha forskjellige program på reportoaret som lærer. Tror at dette kan brukes i samfunnsfag også, og klart med spes.ped.elever som klarer det rent teknisk.

    Syns NewYork med Bin laden var så morsom at jeg måtte legge inn på Netviben min... Ok å få forslag på ulike program, Stig, og vise til ulike bra blogger.

    Ellers et lekkert bilde fra Langeland!

    SvarSlett